Produsent
Hardangerbonden
På austsida av Sørfjorden i Hardanger ligg Sekse. Der bur Bonden Ingrid, Drengen Bård, Odelsjento Ida og Vetlajento Tuva.
På garden dyrkar dei eple som vert vidareforedla i sideriet. Sideriet ligg midt i tunet og her går heile produksjonen føre seg.
Lofthus Ekspedisjon
Lofthus Ekspedisjon vart etablert i 2005 og har vore i kontinuerlig drift som ein populær møtestad for hardingar og tilreisande. Ekspedisjonen ynskjer å vera ein møteplass, ein kulturarena, der me formidlar kulturhistorie og tilbyr lokaleprodukt som sider frå Hardanger, eplejuice, øl og lokale matvarer.
Lien Gård
Vi høster og sanker frukt og bær fra egen hage. Epler av ypperste kvalitet med de rette smakene og bær med sin flotte farge. Frukta sorteres, kvernes og presses til rein eplemost. Denne eplemosten gjærer videre igjennom vinteren til nydelige og smaksrike eplesider.
Sjuragarden
Sjuragarden ligg vakkert til i fjøresteinane ved Hardangerfjorden på Valland i Norheimsund. Ein typisk vestlandsgard som gjennom 9 generasjonar har vore gjennom fleire driftsformer, som mjølkeproduksjon. I dag er Sjuragarden ein fruktgard med hovudvekt på epleproduksjon.
Aga Sideri
Mellom høge fjell, i hjarte av hardanger ligger Aga sideri vakkert til. I det best tenkelege klima for fruktdyrking vert epletrea dulla og stelt fint med heile året. Epla vert varsamt plukka og frakta til gards. Her får dei seg ein vask før dei vert rive i filler og most til jusen sprutar. Desse edle dråpane tek me vare på, og med litt tid, litt magi og litt hardt arbeid sitt me att med noko heilt fantastisk; Aga sider.
Hajen Sideri
Vi har en liten gård med hovedvekt på epler. Vi har i tillegg en del plommer som blir levert til konsum. Hovedmengden med epler blir også levert til konsum
Store Naa siderkompani
Velkommen til Store Naa Siderkompani frå garden med gardsnummer 57 og bruksnummer 2 i Ullensvang, Hardanger. Her vert det produsert og kultivert edle dråper fra Hardanger sine verdensberømte epler. Me lagar både sider og saft tufta på tradisjon, kjærleik, iderikdom og trass, slik det meste er på Store Nå.
Nordre Bergan Gård – Agnar Lund
Her på Nordre Bergan gård dyrker jeg epler, gresskar og korn. Egen bigård med salg av honning hører også til. I tillegg videreforedler jeg epler til Sider og Eplemost. .
Nordre Nes
Garden Nordre Nes ligg i eit vakkert fruktlandskap på Nesodden, ut mot Norsjø i Telemark. Her er det eit særleg godt klima for fruktdyrking, og på garden har det vore dyrka eple for salg i over 100 år. Ved sida av eple, dyrkar vi også pærer, plommer, samt korn. Vi lagar vår eigen eplemost og eplesider, dyrkar snittblomar og har eit lite gardsutsal.
Bolstad Neverdal Fruktgard
Me er familien Bolstad/Neverdal (Erik, Torill og 3 born) som bur på Skjolden i Luster kommune, innerst i Sognefjorden.