EPLI SIDERI

Eit tilbakeblikk
Epli Sideri si historie starta tilbake i 2015 då dei to brødrene Kristian og Karl Magnus starta å lage eplemost og sider på familiegarden på Sekse i Hardanger. Dei to brødrene danna då selskapet Hardangergutane. Kort tid etter oppstart kom kona til Kristian, Inger, inn i selskapet.

Inger og Kristian kjøpte i 2021 ein ny og større gard på Sekse kor dei på kort tid har gjort eit omfattande arbeid med å plante opp nye frukthager, samt at dei også etter kort tid starta bygging av nytt produksjonslokale.

Ein ny epoke
I 2024 går Hardangergutane inn i ein ny epoke kor produksjonen blir flytta tilbake på Sekse i nye og meir tilpassa lokale, samt at Karl Magnus for ei tid tilbake valgte å gå ut av selskapet og Inger og Kristian tok over drifta.

Summen av desse endringane gjorde at vi hadde ønske om å skapa ein tydeligere identitet, og navnet Epli Sideri såg dagens lys.

Epli er eit gammelt ord for eple som i tidligere tider vart nytta i dagligtale i Hardanger og stammar opprinnelig frå norrøn tid.

Nytt navn – samme gode kvalitet
Epli Sideri er eit nytt bedriftsnavn, men identiteten på våre produkter vil være lett gjenkjennelig med samme etikett, produktnavn og gode kvalitet.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

 

Kontaktinformasjon:

Adresse: Ullensvangvegen 1525
5773 Hovland
Kontaktperson: Inger Gunvaldsen
Telefon: +47 41294010