GARDSBRENNERIET
Idyllisk plassering i Nordfjord. Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer. Unike smakar av naturlege råvarer.
Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer frå landbruket. Det var naturleg å lansere brennevin og likørar basert på frukt og bær som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene står i fokus.
Teknologi og innovasjon Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden. Gardsbrenneriet har utvikla eigne metodar, prosessar og smakar. Dei har mellom anna utvikla sin eigen prosess for småskala omdanning av myse til brennevin. Fellesnemnaren for alle produkta til Gardsbrenneriet er fokuset på vidareforedling av norske landbruksprodukt av høg kvalitet til nydeleg drikke.
Besøksgard Gardsbrenneriet har eigen gardsbutikk. Der får ein kjøpt Gardsbrenneriet sin fruktmost, gløgg, sukkerøl, brus, alkoholfri sider, sider og hard seltzer. Høgalkoholprodukta til Gardsbrenneriet (Likørar, fruktbrennevin, gin, akevitt) er til slags på Vinmonopolet. Gardsbrenneriet tilbyr også smakingar med omvisning i destilleriet.
ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:
Mandag stengt
Tirsdag: 10-16
Onsdag: 10-16
Torsdag: 10-16
Fredag: 10-16
Lørdag stengt
Søndag stengt
Kontaktinformasjon:
Adresse: Øvre Nordstranda 96
6823 Sandane
Kontaktperson: Jann Vestby
Telefon: +47 951 62 028