Innlegg merket ‘I salg hos Vinmonopolet’
Draum
Medium søt sider lagra på eikefat, laga på tradisjonell produksjonsteknikk med naturleg gjæring.
Les merUlvik Frukt & Cideri
Fruktgard ligg i sørvendt terreng i Ulvik i Hardanger. Svært gode vilkår for kvalietetsfrukt. Varme somrar og stabile vintrar. Lang tradisjopn for fruktdyrking i Hardanger og Ulvik- på denne garden har det vore dreve fruktdyrking sisan 1700 talet og truleg like lenge med siderproduksjon
Les merHardangerbonden
På austsida av Sørfjorden i Hardanger ligg Sekse. Der bur Bonden Ingrid, Drengen Bård, Odelsjento Ida og Vetlajento Tuva.
På garden dyrkar dei eple som vert vidareforedla i sideriet. Sideriet ligg midt i tunet og her går heile produksjonen føre seg.
Sider med hylleblom
Ein sider av eple frå Hardanger, tilsett hylleblom frå Seim i Nordhordaland. Laga på tradisjonell metode med villgjær frå epleskallet
Les merSider med jordbær
Hardangersider med Jordbær. Frisk og smakfull sider med smak av jordbær og eple
Les merSkarbø Gravenstein
Gravenstein er ein sort som vart avla fram i Danmark på 1700-talet. Epla er store, smakfulle og saftige. No er raud gravenstein mest vanleg, men eldre dyrkarar held på at den gule sorten er den beste. Vi nyttar begge deler i gravenstein-sideren vår.
Les merSkarbø Prinsareple
Prinsareple er ein norsk sort opprinneleg frå Hardanger som har vore kjær i bygda vår lenge. Han finst både som gule og raude eple, og dei er små og vakre, og friske og søte i smaken. Då Kristine var lita sprang ho og syskena gjerne ned til eplehagen før skulebussen kom, for å ta med nokre prinsareple i sekken.
Les merSkarbø Arvegull
Arvegull er ein hyllest til den rike plantearven vår. Laga av fersk frukt frå ærverdige tre av fine tradisjonssortar
Les merSkarbø Gard
Skarbø er mellom dei eldste gardane på Stranda, og folk har levd og dyrka jorda her i minst eit årtusen.
Les merVindpust
Halvtørr og perlende sider. Strågul farge. God syrebalanse med lang og fin ettersmak av epler.
Passar godt både til mat og aleine.