HARDANGERBONDEN

På austsida av Sørfjorden i Hardanger ligg Sekse. Der bur Bonden Ingrid, Drengen Bård, Odelsjento Ida og Vetlajento Tuva.

På garden dyrkar dei eple som vert vidareforedla i sideriet. Sideriet ligg midt i tunet og her går heile produksjonen føre seg.

Med utdannningar som lærar og petroleumsingeniør hadde ikkje Bonden og Drengen planar om å bli bønder. Det var alvorleg sjukdom i familien som gjorde at planane endra seg og dei endte opp som fruktdyrkarar. Bonden og Drengen elskar å arbeide ute og livet på garden er travelt men godt! No har dei drive garden sidan 2014 og i 2021 vart sideriet sett opp.

Produkta vert kalla opp etter menneske som har ein viktig del i livet til Hardangerbonden. På baksida av flaska kan du lese historia om denne personen. Dei ulike siderane er laga av reine eplesortar for å framheva kvar eplesort sin unike smak. I sideriet er det gardsutsalg og siderstove for smakingar.

Velkomne innom!

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Mandag 8-20
Tirsdag 8-20
Onsdag 8-20
Torsdag 8-20
Fredag 8-20
Lørdag 8-18
Søndag Stengt

Kontaktinformasjon:

Adresse: Seksevegen 62
Hardanger
Kontaktperson
Telefon: +47 992 78 028