SKARBØ GARD

Skarbø Gard ligger ved Storfjorden på Sunnmøre. Garden er mellom dei eldste gardane på Stranda og folk har levd og dyrka jorda her i minst eit årtusen.

Skarbøgarden strekk seg frå fjøresteinane opp mot setra Smørhola og ned frå fjellet. Skarbøelva renn midt gjennom garden og ut i fjorden. Åttande generasjon, Kristine og Carlos, byggjer på lange tradisjonar og solid handverk for å skape uforgløymelege smaksopplevingar.

Ein dag i 1870-åra dreiv tippoldefar, Rasmus Skarbø og arbeidde jorda på Storåkeren. Nedanfor tunet fann han eit sverd og eit bryne frå Vikingtida. Det er både underleg og fint å tenkje på at forfedrane- og mødrene våre har dyrka denne same jorda, som vi i dag tek hand om og lever av, i mange hundre år.

Vi vil ta vare på og føre vidare desse tradisjonane i samspel med naturen. Gjennom ei berekraftig og heilskapleg gardsdrift med både dyr og planter. Frukt og særleg eple var viktig på garden i førre hundreåret, og no plantar vi på nytt ut bøane nærast fjorden med eple.

Besøkande på garden får gjerne servert tapas av eigen ost og andre lokale matskattar, saman med leskande sider og most. Sideren vår er eit naturprodukt, laga utan sulfittar og med spontangjæring. Vi er glad i mangfald, og nyttar fersk frukt frå mange gamle eplesortar. Slik får vi ein unik sider som speglar naturen og landskapet som omsluttar oss.

Vi gler oss til å halde fram med å lage unike produkt av høg kvalitet. Garden har det første sideriet på Sunnmøre.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Vi varierer opningstidene litt gjennom året, og har mest ope før jul og om sommaren.

Opningstidene vert annonsert på Facebook, nettsida vår, og på profilen vår på Google. Folk kan også kontakte oss utanom annonserte tider for å avtale besøk i butikken når dei ynskjer det.

Kontaktinformasjon:

Adresse: Bygdavegen 335
6200 Stranda
Kontaktperson
Telefon: +47 90781881