Spildegarden

Spildegarden er ein slektsgard av 4. generasjon som dyrkar frukt og bær. I vårt vetle gardspresseri og Sideri lagar me eit rikt utval Spildemost og Spildesider.

Les mer

Ulvik Frukt & Cideri

Fruktgard ligg i sørvendt terreng i Ulvik i Hardanger. Svært gode vilkår for kvalietetsfrukt. Varme somrar og stabile vintrar. Lang tradisjopn for fruktdyrking i Hardanger og Ulvik- på denne garden har det vore dreve fruktdyrking sisan 1700 talet og truleg like lenge med siderproduksjon

Les mer

Hardangerbonden

På austsida av Sørfjorden i Hardanger ligg Sekse. Der bur Bonden Ingrid, Drengen Bård, Odelsjento Ida og Vetlajento Tuva.
På garden dyrkar dei eple som vert vidareforedla i sideriet. Sideriet ligg midt i tunet og her går heile produksjonen føre seg.

Les mer

Lofthus Sideri

Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag freistar å laga god eplejuice og sider. I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sumardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider. Utsalet vårt ligg mellom fruktre og gardstun i enden av Dronningstien på Lofthus i Hardanger, og me kan tilby iskald eplejuice som perfekt avslutning på turen, eller eit glas med sider.

Les mer

Syse Gard

Innerst i Hardangerfjorden i Ulvik finn du Syse Gard med flott utsikt over Ulvikpollen. Vi er en allsidig vestlandsgard med produksjon av både frukt og lammekjøt  som er foredla og selt i eige gardsutsal.

Les mer

EPLI SIDERI

Historien til Epli Sideri starta i 2015 på familiegarden på Sekse i Hardanger.

Epli er eit gammelt ord for eple som i tidligere tider vart nytta i dagligtale i Hardanger og stammar opprinnelig frå norrøn tid.

Les mer

Hardanger Saft og Siderfabrikk

Hardanger Saft og Siderfabrikk er ein tradisjonell fruktgard med storproduksjon av eplemost og sider. Familiegarden ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking.

Les mer

Harding Økologiske Sideri

Juli 2020 debuterte 2019-årgangen av den første økologiske sideren fra Hardanger på Vinmonopolet. Bak Harding Sideri står Jan Ove Nes som lærte å lage sider av sin bestefar.

Les mer

Aga Sideri

Mellom høge fjell, i hjarte av hardanger ligger Aga sideri vakkert til. I det best tenkelege klima for fruktdyrking vert epletrea dulla og stelt fint med heile året. Epla vert varsamt plukka og frakta til gards. Her får dei seg ein vask før dei vert rive i filler og most til jusen sprutar. Desse edle dråpane tek me vare på, og med litt tid, litt magi og litt hardt arbeid sitt me att med noko heilt fantastisk; Aga sider.

Les mer