LOFTHUS SIDERI

Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag freistar å laga god eplejuice og sider. I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sumardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider. Utsalet vårt ligg mellom fruktre og gardstun i enden av Dronningstien på Lofthus i Hardanger, og me kan tilby iskald eplejuice som perfekt avslutning på turen, eller eit glas med sider.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Heile året etter avtale, utvida opningstider i sesong (mai - september)

Kontaktinformasjon:

Adresse: Lofthusvegen 49
5781 LOFTHUS
Kontaktperson; Ivar TveitoEidnes
Telefon: +47 98818456