Hardanger Saft og Siderfabrikk er ein tradisjonell fruktgard med storproduksjon av eplemost og sider. Familiegarden ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking. Frå gamalt av var det både eple, pære, plommer og moreller på Lekve, men i dag dyrkar vi kùn eple. I 2004 starta Nils J. Lekve opp Saft og Siderfabrikken. Og i 2006 solgte han si første siderflaske på polet. Den heiter «Tradisjonell», og framleis å finne i polhyllene!
Vi lagar ekte Hardangersider, med eple frå Hardanger, laga på villgjær frå epleskalet (spontangjæring). Vi lagar ulike typar sider, tørr, halvtørr og halvsøt, både musserande og utan kolsyre. Som ein naturleg del av produktutviklinga produserer vi også brennevin. Brenneriet stod klart hausten 2009, der utstyret er fransk og råvarene norske. Vi lagar eplebrennevin (APAL), likør, akevitt og brennevin på moreller. Lagring føregår på eiketønner i brenneriet. Nokon av tønnene er nye, medan andre har vore brukt til sherry- eller vinproduksjon. Brennevinet får både smak og farge frå eiketønnene.
Vi er ein av tre gardar langs Noregs einaste "Frukt og Siderrute". Her kan du vandra i vakkert kulturlandskap frå sentrum ved fjorden og opp til gardane. I sommarsesongen har vi faste tider for smaking med omvising, i tillegg serverer vi siderplanke, som du kan nyte når som helst i opningstida. Gardsbutikken held ope heile året!
ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:
Mandag 9-17
Tirsdag 9- 17
Onsdag 9- 17
Torsdag 9- 17
Fredag 9- 17
Lørdag 10- 17
Søndag Stengt
Utenom sesong (september- mai): 10- 16
Kontaktinformasjon:
Adresse: Lekve gard, Øvre Lekve 17
5730 Ulvik
Kontaktperson: Anna Oppedal Tokheim
Telefon: +47 98017497