Skarbø Sider Glød

Glød er vår aller nyaste sider – ein rosésider laga av eple og friske bær frå hagen: bringebær, rips og morell

Les mer

Skarbø Summerred

Sorten Summerred kom opprinneleg frå Kanada, og har deileg syrlege og smakfulle eple. Dei har fin raudfarge på skalet, og eit sprøtt og saftig fruktkjøt.

Les mer

Skarbø Gravenstein

Gravenstein er ein sort som vart avla fram i Danmark på 1700-talet. Epla er store, smakfulle og saftige. No er raud gravenstein mest vanleg, men eldre dyrkarar held på at den gule sorten er den beste. Vi nyttar begge deler i gravenstein-sideren vår.

Les mer

Skarbø Prinsareple

Prinsareple er ein norsk sort opprinneleg frå Hardanger som har vore kjær i bygda vår lenge. Han finst både som gule og raude eple, og dei er små og vakre, og friske og søte i smaken. Då Kristine var lita sprang ho og syskena gjerne ned til eplehagen før skulebussen kom, for å ta med nokre prinsareple i sekken.

Les mer

Skarbø Petrine

Petrine er ein sjeldan og smakfull sort avla fram i nabobygda Norddal på 1800-talet av den driftige prestedottera Helene Petrine Hvidt. Vi kjenner berre til to svære attlevande tre, og dette er ein arv vi vil ta vare på. Petrine-apalen vår troner øvst på Storåkeren nedanfor tunet, og du finn han att på framsida av flaskene. Frå hausten 2021 vart det 298 nummererte flasker.

Les mer

Skarbø Arvegull

Arvegull er ein hyllest til den rike plantearven vår. Laga av fersk frukt frå ærverdige tre av fine tradisjonssortar

Les mer