Handverkcider pære

Laga av 90% pære, 10% eple og humle.
​Mild og fruktig pæresmak med blomsteraroma frå humle. ​Middels tørr.

Les mer

Handverkcider eple

Handverkcider er laga av desserteple og cidereple. Rein eplesmak med lette urteaktige overtonar. Fruktig og middels tørr.
​Frisk all-round eplecider.

Les mer

Vestland Rosé

Vestland rosé er ein frisk cider laga av tradisjonelle bordeple, rabarbra av typen Victoria, og nype frå Rosa rugosa. Lett, frisk eplesmak med rabarbrasyre og urter.

Les mer

Humleblom

Ein aromatisk og tørr cider laga
av desserteple og humle
– ‘Hopped Cider’. ​Ung cider frå kjølt
gjæring som er tørrhumla. Frisk
eplelukt med innslag av humle i retning hylleblomst.

Les mer

Vestmann

Cider i klassisk engelsk stil laga av
cidereple og desserteple. Miks av
modna bittercider frå tank og
ung cider frå kjølt gjæring.

Les mer

Tunheim

Ung, saftig og perlende, preg av modent eple, ettersmak med ørlite grep.

Les mer

Skarbø Petrine

Petrine er ein sjeldan og smakfull sort avla fram i nabobygda Norddal på 1800-talet av den driftige prestedottera Helene Petrine Hvidt. Vi kjenner berre til to svære attlevande tre, og dette er ein arv vi vil ta vare på. Petrine-apalen vår troner øvst på Storåkeren nedanfor tunet, og du finn han att på framsida av flaskene. Frå hausten 2021 vart det 298 nummererte flasker.

Les mer

Solgangsbris

Ein halvsøt og sprudlande eplesider med frisk smak. Lys og klar i fargen. Passer til sjømat eller som aperitiff.

Les mer