Bonden Halvtørr

flaskemal-3_0044_Hardangerbonden-bonden-halvtørr

Bonden Halvtørr

Produsent: Hardangerbonden
Fra: Hardanger
Passer til: Aperitiff, svinekjøtt, kremet supper
Utsalgssted: Gårdsutsalg, HORECA, Vinmonopolet
Epletyper: Aroma
Alkoholprosent: 8 %
Syre g/l: 8,6
Sukker g/l: 20
Grad av musserende: Perlende
Økologisk: Nei

Ein perlande, frisk og fruktig sider. Ideell som aperitiff og ein god tørsteslukkar på varme sommardagar. Passar bra til svinekjøt og krema supper. Historia til Bonden Eg heiter Ingrid og vaks opp på garden Torkjells. Eg var tidleg med i arbeidet saman med storesyster Marit. Om sommaren tynna me eple og plommer, pitla moreller og passa veslebror Tor. I påsken pitla me pas. Eg syns det var mykje arbeid på garden og bestemte meg for å aldri verte bonde. I 2013 vart pappa brått sjuk og døydde etter kort tid. Dette førte til nye tankar om gardsdrift. I dag er eg bonde på garden og driv i lag med mannen min, Drengen.