Bolstad Neverdal Fruktgard

Bolstad Neverdal Fruktgard

Me er familien Bolstad/Neverdal (Erik, Torill og 3 born) som bur på Skjolden i Luster kommune, innerst i Sognefjorden. Me overtok frukthagen "Edens hage" i 2019. Edens hage er frukthagen som "Saftkongen" Halvard Drægni planta i byrjinga av 1900 talet. Marka vart då kjøpt som del av ein almenning, og som i ei utskifting var taksert til å vera udyrkbar. Det vert sagt at når Halvard Drægni ville ha tenesteguten til å planta 25 epletre, så nekta han og sa at dersom han ville planta i denna sandøydemarki, så fekk han planta dei sjølv. Så gjorde han, og det viste seg å gå sers godt. Det vaks so bra at Drægni etterkvart kalla frukthagen for Edens hage, og sidan har det vore dyrka frykt og bær her. Me har no planta ca 1600 epletre, men har også noko pærer, plommer, solbær og rips. Erik har alltid hatt interesse for vin, handtverksøl og etter kvart sider, og melde seg på eit siderkurs med Eivind Vangdal i Hardagner i 2019. Vart etter det medlem i Sogn frukt og siderlaug våren 2020, og fekk kommunalt sals og tilvirkningsløyve hausten 2022. Me ser no fram til fyrste årgang med sider frå Edens hage.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Etter avtale (ta kontakt)

Kontaktinformasjon:

Adresse: Høgemovegen 8,
6876 Skjolden
Kontaktperson: Erik Bolstad (erikbolstad40@gmail.com)
Telefon: +4792222712