CIDERHUSET BALHOLM
Balholm er det gamle navnet på Balestrand, som ligg i midtre Sogn, der dei første frukthagane har blømt sidan 1100-talet. Klimaet i Sogn gjer at frukta modnar saktare enn på sørlegare breiddegrader, noko som gir meir syre og konsentrert smak. Då Åge Eitungjerde overtok bruket etter bestefaren på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Balholm – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; den første heilt naturlege fruktmost på den norske marknaden. Åge og kona Eli-Grete Høyvik har sidan 2004 bygd opp det staselege Ciderhuset i den gamle frukthagen frå 1922, ut frå ein idé dei trudde på; «Frukt er utruleg spennande - og cider er den norske vinen.» Åge blei ein foregangsmann på frukt og bærblanda drikker, sprudlende drikker - i tillegg til cider, fruktvin og brennevin. Alltid med en fot i tradisjonen og en i nyvinninga. I dag lagar Balholm over 40 ulike produkt, både fruktmost, limonade, cider, fruktvin og fruktbrennevin, fleire av dei prisbelønte både i Norge og Europa. No har sonen Gard og kona hans, Tuba Ardic, frå Tyrkia, overteke Ciderhuset. Om sommaren kan du ete middag i ciderrestauranten til Tuba, Noregs første og truleg einaste ciderrestaurant, som har spesialisert seg på å komponere mat som utfyller cideren og fruktvinen vår, og som utelukkande serverer cider, fruktvin og fruktdram. Og du kan bli med på smaking i frukthagen eller ciderkjellaren, og lære om korleis vi destillerer og lagar musserande cider på 'methode traditionelle' - frå frø til frukt og frå frukt til produkt.
ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:
Mandag 13-18
Tirsdag 13-18
Onsdag 13-18
Torsdag 13-18
Fredag 13-18
Lørdag 13-18
Søndag Stengt
Kontaktinformasjon:
Adresse: Sjøtunsvegen 36
6899 Balestrand
Kontaktperson: Tuba Ardic / Gard Eitungjerde Høyvik
Telefon: +47 994 99 981