APAL SIDERI

Apal Sideri produserer frisk og fruktig eplesider på Sæbø i Hjelmeland. Dan Olav Sæbø overtok garden i 2020, og blei samtidig den første Ryfylke-bonden som tappa sprudlande, gyldne dropar heime på garden.

Sæbø ligg rett ovanfor Hjelmelandsvågen, kommunesenteret i Hjelmeland kommune, med flott utsikt over Hjelmelandsfjorden. Her har det vore fruktproduksjon sidan slutten av 1800-talet. Rundt gardstunet står det Gravenstein, Raud Aroma, Rubinstep, Discovery og Raud Elstar på rekke og rad. Nokre plommetre er det òg plass til.

Frå nyttår 2020 overtok Dan Olav Sæbø garden heime på Sæbø og etter 13 år som tømrar i Stavanger, var det på tide å prøva noko nytt. I tillegg til frukt- og eplemostproduksjon som foreldra hans hadde drive i fleire år, var Dan Olav svært motivert for å styrka næringsgrunnlaget med eplesiderproduksjon.

Sølvsider blei klar for sal allereie i februar 2020, og denne sideren blei kåra som verdas beste sprudlande sider i den prestisjetunge konkurransen Cider World 2020.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Mandag 15.30 - 20.00
Tirsdag 15.30 - 20.00
Onsdag 15.30 - 20.00
Torsdag 15.30 - 20.00
Fredag 15.30 - 20.00
Lørdag 09.00 - 18.00
Søndag stengt

Kontaktinformasjon:

Adresse: Sæbøvegen 35
4130 Hjelmeland
Kontaktperson
Telefon: +47 454 32 941