Ølmheim siderhage

Ølmheim siderhage

Ølmheim siderhage ligg langs Sognefjorden, på Ølmheim midt mellom Sogndal og Leikanger. Her driv Sigrid Ølmheim og Endre Kleiveland fruktgard med eple, pærer og plommer. Den store fjorden gjer til at området vårt er godt eigna til fruktdyrking, med milde vintrar og passeleg varme somrar. Epla har lang vekstsesong og oppnår ein fin balanse mellom syre, aroma og sukker. Det gir ei flott råvare til siderproduksjon. Me lager sider på den langsame måten. Sideren er laga på tradisjonell metode med andregongsgjæring på flasker. Det gir ein sider som er frisk, har eit tydeleg fruktpreg, samstundes som den også har karakter av lagringsaromaer frå den langsame produksjonsmetoden.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Kvardagar 08:30 - 18:00
Laurdag 08:30 - 18:00
Søndagar held me stengt

Kontaktinformasjon:

Adresse: Norafjordvegen 977
Slinde
Kontaktperson: EndreKleiveland
Telefon: +47 41408558