Mandelhuset

MANDELHUSET

Godt og lokalt! Som ei kvit perla, heilt i sjøkanten, ligger Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidligare landhandel og kai for fjordabåtane. No er det ein lun og koselig restaurant der kjøkenet bruker lokale råvarer. Kjøkenet bruker god tid på råvarene og lagar retter med ekte smakar, laga utan snarvegar. Maten skal vera god, mettande og laga av lokale, ferske råvarer. Fisken og skalldyra våre, får me rett på kaien frå lokale fiskarar. Grønsaker og storfe kjem i hovudsak frå lokale garder på Tysnes og resten av vestlandet, utenom sesong henter me det så lokalt me kan. Satsinga på lokal drikka har tatt oss på ei eventyrleg reisa. Sommelieren vår sørger for at sider og -vinrommet alltid er klart for besøk, eit spekter av sider frå Noreg og vin frå det store utland venter på deg. Alt kjeldesorterast, og frå 2022 har me fått komposteringsmaskin som gjer at alt matavfallet vårt går tilbake til lokale garder på Tysnes. Sirkelen blir slutta. Drifta på Mandelhuset har me hatt sida 2005, men Mandelhuset oppstod i 1995 då landhandelen la ned i 1994 etter å vore i drift sida 1923. Vår oppgåve er å vera ein god restaurant og møteplass på Tysnes, me skal gjera Tysnes til ein god plass å bu. For ein god plass å bu, er ein god plass å besøka.

ÅPNINGSTIDER:

Sommer: juni - september: alle dager 12:00 - 21:00.

Vinter: september - juni: tor-søndag

Kontaktinformasjon:

Adresse: Hegglandsvegen 4, 5680 Tysnes
E-post: booking@mandelhuset.no
Telefon: +47 53432100