VESTAVIN

Kva meir er mogleg å få til med vestlandske råvarer og korleis kan vi utnytte ressursane våre på ein betre måte? Det er spørsmålet som først sette Camilla Aasen på sporet av fruktvin i 2014 og som framleis er kjernen i Vestavin.

I Juli 2021 kjøpte Camilla det nedlagte småbruket «Ystebakken» på Årdalsbakke på Jølster. Der kan ein oppleve Vingarden på Jølst, ein fruktvingard under oppbygging, med utsal, omvisingar med smaking av alkoholhaldige og alkoholfrie produkt, konsertar og andre arrangement.

Vestavin sel også direkte til hotell og restaurantar, og har fleire produkt tilgjengelege på Vinmonopolet.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Torsdag 16-18  (utanom sommarsesong).

Sommarsesong frå 1. juli.

Kontaktinformasjon:

Adresse: Jølstravegen 2380,
6843 Skei
Kontaktperson: Camilla Aasen
Telefon: +47 47288004