DRAOPAR
Kjærleik til god sider og til gammalt handverk samt tanken om sjølvforsyning ligg i botnen for oppstarten av Draopar. Å nytta ressursane i naturen, både det som er dyrka og det som veks villt, er ein lidenskap og nyttig kunnskap som me må læra vidare til neste generasjon og utvikla vidare. Draopar er Eidfjord sitt fyrste sideri. Som vanleg skil me i Eidfjord oss ut frå resten av Hardanger også når det gjeld siderproduksjon, Draopar har nemleg starta i feil ende.
Draopar vert produsert på ein gard som ikkje lenger er gard, me kan laga sider, men me har ikkje epler! Men ein gong i tida var det mange epletre på garden, både Gravenstein, Raud Torstein og Bramley saman med både pærer, plommer og moreller.
Vel det er ikkje heilt sant at me ikkje har epler, me har nemleg eit rundt 80 år gammalt Bramley epletre. Eit år det var svært mykje epler bøygde heile treet seg, så no veks det bortover, men det gir framleis god avling. Då det var oppslag om oss i lokalavisa fekk me høyre om ein mann som hadde sagt: "og so dei som sku laga sider som berre hadde iet tre og det var skeivt!". Dette tenkte me at me burde byggja vidare på så no har treet fått ein plass i logoen til Draopar, sideriet som starta med 1 skeivt gammalt epletre.
Så kvifor vil me laga sider når me ikkje har gard eller epler? Jan som er frå Lofthus har sider i blodet, og har i mange år laga god sider i kjellaren. Og det er eigentleg alt me ynskjer, å laga god sider og la fleire få smaka. Så får det heller bli litt i feil rekkefylgje. Men no dyrkar me eigne epler i Eidfjord og me har fått plukka epler rundt om i nærområdet. Så det er mogeleg å laga sider i Eidfjord også.
Me har no hatt to år med ein liten prøveproduksjon. Sideren vår liknar nok meir på dei tradisjonelle siderane som vart laga rundt om på gardane i kjellaren før i tida. Den høver kanskje ikkje like godt til all slags mat men er nydeleg iskald i godt lag.
ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:
Torsdag og fredag: 16-18
Laurdag: 12-16
Kontaktinformasjon:
Adresse: Tråavegen 11,
5783 Eidfjord
Kontaktperson: Bergljot Maria Veivåg Hauso
Telefon: +47 97100396/97190023