Produsent
Sidergården
Sidergården ligger idyllisk til i Stjørdalen. Med vann fra stjørdalselva og gode varme sommrer er klimaet fortreffelig til å få frem de beste smakene i både frukt og bær.
Ølmheim siderhage
Ølmheim siderhage ligg langs Sognefjorden, på Ølmheim midt mellom Sogndal og Leikanger. Her driv Sigrid Ølmheim og Endre Kleiveland fruktgard med eple, pærer og plommer. Den store fjorden gjer til at området vårt er godt eigna til fruktdyrking, med milde vintrar og passeleg varme somrar.
Eiane Gard
På nordsida av Jøsenfjorden ligg idylliske Eiane Gard, eit sted med vilje til å gi ei framtid mot fornyelse og åpenhet, der mennesker kan møtas og nye relasjoner skapas. Sider, mat, kunst og kultur skal være ein viktig del av opplevelsen hos oss.
Gardsbrenneriet
Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer.
Sjuragarden
Sjuragarden ligg vakkert til i fjøresteinane ved Hardangerfjorden på Valland i Norheimsund. Ein typisk vestlandsgard som gjennom 9 generasjonar har vore gjennom fleire driftsformer, som mjølkeproduksjon. I dag er Sjuragarden ein fruktgard med hovudvekt på epleproduksjon.
Syse Gard
Innerst i Hardangerfjorden i Ulvik finn du Syse Gard med flott utsikt over Ulvikpollen. Vi er en allsidig vestlandsgard med produksjon av både frukt og lammekjøt som er foredla og selt i eige gardsutsal.
Lofthus Sideri
Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag freistar å laga god eplejuice og sider. I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sumardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider. Utsalet vårt ligg mellom fruktre og gardstun i enden av Dronningstien på Lofthus i Hardanger, og me kan tilby iskald eplejuice som perfekt avslutning på turen, eller eit glas med sider.
Fuglestein fruktgård
På Fuglestein Fruktgard har me sidan 2016 planta ein eplehage med 17000 trær. I 2021 begynte me med pressing av epler, og tilbyr diverse epleprodukter og aktivitetar for besøkende/turister.
NeRø Frukt og Sider
NeRø gård ligger i solhellinga til Heddalsvannet og speiler seg mot Gaustatoppen i nord. Gården har ingen lang tradisjon for fruktdyrking,. Det startet som så mye annet i livet som en tilfeldig interesse i 2013. Med viten om at beliggenheten her i øst-Telemark har en klimatisk utmerkethet for frukt og bærdyrking.
Solhøi Cider
Solhøi ble startet i 2016 av cidermaker, hjemmebrygger og kunstner, Martin Bech-Ravn som lager naturlig villgjæret cider, av de beste norske eplene. Produksjonsmetoden er basert på tradisjonell champagneproduksjon, med lang og kald gjæring, naturlig kullsyre på flaske + digorgering