Produsent
Hardanger Saft og Siderfabrikk
Hardanger Saft og Siderfabrikk er ein tradisjonell fruktgard med storproduksjon av eplemost og sider. Familiegarden ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking.
Gardsbrenneriet
Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer.
Harding Økologiske Sideri
Juli 2020 debuterte 2019-årgangen av den første økologiske sideren fra Hardanger på Vinmonopolet. Bak Harding Sideri står Jan Ove Nes som lærte å lage sider av sin bestefar.
Lofthus Sideri
Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag freistar å laga god eplejuice og sider. I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sumardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider. Utsalet vårt ligg mellom fruktre og gardstun i enden av Dronningstien på Lofthus i Hardanger, og me kan tilby iskald eplejuice som perfekt avslutning på turen, eller eit glas med sider.
Hardangerbonden
På austsida av Sørfjorden i Hardanger ligg Sekse. Der bur Bonden Ingrid, Drengen Bård, Odelsjento Ida og Vetlajento Tuva.
På garden dyrkar dei eple som vert vidareforedla i sideriet. Sideriet ligg midt i tunet og her går heile produksjonen føre seg.
Kvestad Sideri
Under Folgefonna i Hardanger ligg Kvestad Sideri. Kvestad ligg ca. 220 m.o.h. og her har det vore produsert eple og laga sider i generasjoner.
Kvestad Sideri AS er ei familiebedrift beståande av Ellen og Haakon, døtrene Hilde og Marianne, deira sambuarar Andre og Olav Arne, og deira søskenbarn Ole Kristian. Til sammen ei god blanding av ulik kompetanse.
Sideriet har utspring frå bruk 2 og 3 på Kvestad. Me tar imot gjester for guiding og sidersmaking og formidlar historie frå begge gardane.
Store Naa siderkompani
Velkommen til Store Naa Siderkompani frå garden med gardsnummer 57 og bruksnummer 2 i Ullensvang, Hardanger. Her vert det produsert og kultivert edle dråper fra Hardanger sine verdensberømte epler. Me lagar både sider og saft tufta på tradisjon, kjærleik, iderikdom og trass, slik det meste er på Store Nå.
Nordre Bergan Gård – Agnar Lund
Her på Nordre Bergan gård dyrker jeg epler, gresskar og korn. Egen bigård med salg av honning hører også til. I tillegg videreforedler jeg epler til Sider og Eplemost. .
Sideriet
Vi lager sider fra epler fra Midt Telemark. Sideriet ble stiftet 2020 og drives av Hans Olav Børte og Morten Espe. Vi har 3 sidere så langt i tillegg til eplejuice som skal selges fra gården.
Syse Gard
Innerst i Hardangerfjorden i Ulvik finn du Syse Gard med flott utsikt over Ulvikpollen. Vi er en allsidig vestlandsgard med produksjon av både frukt og lammekjøt som er foredla og selt i eige gardsutsal.