Bjor ur-sider

FLAVORED CIDER

flaskemal-3_0074_Balhom-bjor-norsk-ursider

Bjor ur-sider

Producer: Balholm
From: Sogn, Vestland
Pairs with: well suitable as an aperitif, cheese and dessert
Point of sale: Farm sale, Vinmonopolet
Apples: Mixture of Norwegian varieties
Alcohol content: 16 %
Acid g / l: 7
Sugar g / l: 25
Level of carbonation: Bubbly
Organic: Yes

Lukt: Frukt, honning og blomst. Smak: Eple med honning og mjødurt. Farge: Gyllen. Metode: Tradisjonell gjæring og maserasjon. Nytast kald.

Den gamle, opphavelege cideren som vart brygga over heile det nordlege Europa, var kalla bjor på norrønt og beor på gamalengelsk. Drikken var laga av gjæra fruktsaft, gjerne med bær og urter og tilsett honning for å få høg alkoholstyrke. Bjor var rekna som den gjævaste og mest dyrebare drikken. I Edda-diktet Allvismål får Tor fortalt frå dvergen Allvis at øl var for menn, mens bjor var for gudane.

Ei tønne bjor var verdt 5 tønner øl. Frå gamle dokument har bjor feilaktig blitt omsett til øl, fordi ordet liknar på beer. Men bjor var ein type søt sterkvin som ikkje inneheldt ikkje malt i det heile. Då tyskarane på 1500-talet begynte med humle i ølet, tok dei fram att det gamle ordet beor, som vart til Bier/ beer. Vi har laga ein moderne bjor av sterkcider tilsett honning og mjødurt. Aromatisk, sødmefull og sterk, slik drikken er omtalt i dei gamle dokumenta.