OmCider

Frå 20.000 tre, sett opp i sirlege system, dyrkar me morellar og eple av ulike sortar. Aller mest norske eple, med mykje syre og sødme, men òg bitrare eple for å balansera produkta.

For oss startar det sjølvsagt med dei gode råvarene. Ikkje berre epla. Ser ein litt større på det, er folka som handterer dei også ei av «råvarene», slik òg fjorden og dei høge fjella er, som gir oss kjølig vinter og varm sumar. Perfekte forhold om ein vil laga lokal drykk i verdsklasse.

Så, har me blitt eplekjekke? Nei, tvert om – me går framleis audmjukt til oppgåva.

For det er summen av alle detaljane, kunnskapen, entusiasmen, dei beste eplesortane i rett samansetjing, og dei naturlege føresetnadene me omgjev oss med, som fyller flaskene med epledrykk. Og oss med stoltheit, det må me innrømma.

I 2001 overtok kona mi og eg, som odelsgut, Fevoll gard. Frå første stund har me hatt store ambisjonar for OmCider. Og det skal du kjenne på smaken; at det er epledrykk av førsteklasses kvalitet.

Vil du ta smaken med deg heim, har me også eige gardsutsal der vi seljer sider, eplemost, bøker og kledelege OmCider-artiklar. Me har omvisning i eple og morellhagen, og ikkje minst sidersmaking. Her kan du nyte produkta våre.

Beste helsing, Bodil og Andreas

Produsent logo

FARM SALE OPENING HOURS:

Closed Monday
Closed Tuesday
Wednesday closed
Thursday: 15-18
Friday: 12-20
Saturday: 12-18
Sunday: Closed

 

Contact information:

Address: Bygdavegen 36
4130 Hjelmeland
Contact person: Bodil Kvame
Phone: +47 971 12 475