HARDANGERGUTANE

Hardangergutane AS som selskap, vart etablert i 2015 av dei to brørne Kristian og Karl Magnus. Drifta starta opp på familiegarden på Sekse. Like etter dette vart også Inger Gunvaldsen med på laget kor held styr på brørne. Dei siste åra har verksemnda ekspandert og produksjonen auka. Hardangergutane er idag ein av dei større eplemost og siderprodusentane i Hardanger og har utvikla seg til å bli ein nasjonal aktør med fleire heilårsansatte. Sesongen 2020 vart Hardangergutane fast stoppestad for Sidercruise ruta i Sørfjorden og starta i denne samanheng matservering som held ope i sommar sesongen. Hardangergutane tilbyr i sommar sesongen heimelagde pizza kor me bakar botnane sjølve i kombinasjon med eplemost og sidersmaking. Hardangergutane er opptekne av å ivareta og videreutvikle gamle tradisjonar og historie knytta til fruktnæringa i regionen. Fleire av våre produkt som Vindpust, Solglimt og Fjellskrent Eplesider er å finne i hyllene hjå Vinmonopolet, i tillegg til at du finn eit rikholdig utval både med og utan alkohol i vårt gardsutsal.

Produsent logo

ÅPNINGSTIDER GÅRDSUTSALG:

Mandag
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
Lørdag
Søndag

Kontaktinformasjon:

Adresse: Ullensvangvegen 1525
5773 Hovland
Kontaktperson: Inger Gunvaldsen
Telefon: +47 41294010